Hackeroni med litt turbulens!

Hackeroni med litt turbulens!

14. mars 2020 15:35

Skrevet av Håvard Skjetne Lilleheie

Lest 624 ganger

Arbeidet på mobilspelet har ikkje vore ei roleg reisa, me har opplevd oppgang og nedgang, men endeleg har reisa, som var full av turbulens byrja å roa seg ned.

Om du har lese tidlegare artiklar her, har du kanskje kome over den førre mobilspelartikkelen med dette skrive i tjukk tekst: «The project is moving forward, expected launch date: end of 2019». Den artikkelen snakkar med optimisme om tida framover, og om store designidéar som visar seg vanskelege å gjennomføra.

 

Då me skreiv den artikkelen hadde me nyleg gått gjennom ein periode med planlegging og skriving av eit detaljert designdokument. Dette, kopla saman med GOMaps Unity-packagen, gjorde at me raskt fekk eit gjennombrot. Me fekk raskt skrudd saman ein demo, som me kan sjå bilete av i den førre artikkelen. Det var store forventingar og ny inspirasjon til prosjektet då alt gjekk så fort, som reflektert i den førre artikkelen.

 

Men diverre ville ikkje situasjonen sjå lys ut lenge.

 

Sånn såg spelet ut for ca. eit år sidan, mykje har skjedd sidan den gong!

 

Problema byrja å visa seg tidleg. Det var vanskeleg å skriva backend, prosjektet var uorganisert og koden var rotete. Mange av dei planlagte designa viste seg å verte vanskelege å gjennomføra. Gruppa reflekterte over om me hadde eit for høgt ambisjonsnivå, og at eit prosjekt med dette omfanget ikkje kunne gjennomførast av friviljuge studentar.

 

Kort tid etter hackstart hausten 2019, byrja arbeidet på oppryddinga. Gruppa sorterte koden, ordna i lisensar, organiserte backenden skikkeleg og fiksa nokre vanskelege bugs. Større problem viste seg når me jobba meir med oppgåvene. Det var tydleg at det var mykje arbeid igjen for å prøva å oppnå det som stod i designdokumentet.

 

Då hackstart våren 2020 kom, så var me klare for eit nytt løft!

 

Inspirasjonen dei nye medlemane drog til bordet, og den nye kompetansen, har gitt prosjektet eit nytt liv. Nyleg har me implementert minispel, musikk, nye funksjonalitetar og prosjektet ser mykje betre ut enn nokon gong før.

 

Sånn ser spelet ut i dag!

 

Det er høg motivasjon innan gruppa i dag, og me håpar at me kan ri denne bølga etter stormen, og bli ferdig med prosjektet til sommaren 2020.

 

Spelet vårt er som ein team-basert pokemon go. Kvar dag vil eit nytt sett av lag bli valt. Dette vil vere t.d. katt mot hund, Gløs mot Dragvoll, linux mot windows, osv.. Og spelarane må kjempa for at laget dei vel skal vinna. Dette gjer ein ved å gå opp mot ulike hackpoints og ta del i minispelet assosiert med det. Laget med den største samla highscoren vinn den dagen, og ein kan endeleg få slutt på debatten om kva som er best av viktige spørsmål som «Trondheim mot Trondhjem»!

 

Gruppa ynskjer å laga eit spel der folk vil spela litt kvar dag, og kjempa for det dei likar. Me ynskjer å skapa engasjement. Og bruka det som inspirasjon for å leggja til så mange funksjonar som mogleg, for at brukarane skal ynskja å komma attende og spela litt kvar dag.

 

Eit nytt match-to minispel!

 

No fokuserar gruppa på å få laga eit MVP (Minimum Viable Product), og så fortsetta abeidet vidare med nye funksjonalitetar og måtar å spela spelet på. Me har snevra fokusområdet vårt inn på punkta i designdokumentet, som er absolutt naudsynt, og fokuserer på dei før me byrjar å jobba vidare på meir avanserte funskjonar.

 

Gruppa ynskjer også å ha fokus meir på design. På denne måten kan me kan laga eit spel, som ikkje berre ser ut som ein tilfeldig blanding av ulike minispel som ikkje heng saman. Me ynskjer å framvisa eit komplett bilete av eit spel designa av eit team med eit samla mål. No held gruppa på med idémyldring, og me valde å gje prosjektet eit førebels namn «Hackeroni» saman med denne fine logoen:

 

Potensiell logo?

 

I prosjektet fram til no har gruppa hatt ei bratt læringskurve og teamet har endeleg byrja å sjå lyset i enden av tunnelen. Medlemane i gruppa er inspirerte, har god kompetanse og kjenner no at me har beina planta på solid grunn for fyrste gong på eit halvt år. Stormen har roa seg ned, og me kan trygt segla inn til land.

 

Me håpar at de som les dette vil ta del i og spela spelet vårt når det kjem ut.  Me håper også at de ynskjer å ta del i dette ambisiøse prosjektet saman med oss.

 

Håvard Skjetne Lilleheie

-- Leiar Prosjekt Mobilspel